BITMYNT SØKJER UTVIKLARAR

Vil du bli med på å utvikle ein epokegjerande vekslingsplattform?

Vi opplever tydeleg auka interesse og aktivitet og ønskjer å forsterke laget vårt med dyktige og innovative systemutviklarar for å byggje ei automatisert og kvalitetssikker plattform for betaling og veksling av digital valuta. Samtidig skal vi utvikle plugins til både nettbutikkar og kassasystem for å ta imot betaling i bitcoin. Du vil få ei nøkkelrolle i vidare vekst og utvikling med store moglegheiter for å påverke teknologiplattform og systemarkitektur

Kvalifikasjonar:

Eigenskapar:

Vi tilbyr:

Om arbeidsgjevar:

Bitmynt er lokalisert i moderne kontorlokale i Peak Florø saman med eit innovativt utviklingsmiljø. Vi er ein av landets mest profilerte og største vekslarar av bitcoin som starta med Sturle Sunde og Sunde bitmynthandel i 2010. Sturle har opparbeidd seg eit kvalitetsstempel innan bitcoinhandel med over 10 års bransjekunnskap og erfaring. Bitmynt tek no over stafettpinnen og satsar vidare i takt med auka etterspurnad, aktivitet og vekst. Vi skal utvikle ei plattform som vil revolusjonere handel med digital valuta. Vi har ambisjonar om å utvikle ei verdsleiande plattform for å effektivisere og kvalitetssikre framtidig handel som vil ta bitmynt og kryptovaluta til eit nytt nivå.

Alle søknader blir handsama kontinuerleg. Vi oppmodar nyutdanna til å søkje. Send CV og søknad til mortenmk@bitmynt.no

Du kan rette spørsmål til

Morten Kjelkenes
Leiar utvikling og drift
mobil: 913 59 323
e-post: mortenmk@bitmynt.no

Om Bitcoin

Bitcoin er ein virtuell valuta som ikkje eksisterer i fysiske setlar eller myntar. Valutaen er heilt desentralisert – han er ikkje underlagd nokon sentralbank eller avhengig av ein sentral utgjevar.

Om Florø:

Bitmynt AS har kontora sine sentralt i Florø, som er administrasjonssenter for Kinn kommune som ligg lengst vest og nord i Vestland fylke. Florø er ein sjarmerande kystby som er omringa av ein fantastisk skjergard, djupe fjordar, prektige fjelltoppar og ein uslåeleg vakker natur. Samtidig tilbyr Florø eit aktivt båtmiljø, eit rikt kulturliv, uteliv og har ei stolt historie. Byen har eit eksportretta næringsliv, flyplass, hurtigbåt til Bergen, hurtigrute nordover, bryggeri og ein årleg kystfestival. Florø by har 8922 innbyggjarar per 1. januar 2020.